Vinteraktivitetar PDF Skriv ut E-post
Morgedal er den moderne skisporten sin fødestad, så kvifor ikkje ta ein tur vinterstid og få med deg heile historia - med skia på!

ski-liftSlalåmbakke

Det er ein slalåmbakke rett ved sida av hotellet, her er det fint å køyre telemark, slalåm og snobrett. Dagskort kan ein kjøpe i heishuset.
Dersom ein bare vil ut å ha det moro er det fint å ake i eine sida av bakken. Bakken er 450 m lang og har ein høgdeforskjell på 100 m. Vi har akebrett til utlån.

Ljosløypa
Ljosløypa ligg på andre sida av hovudvegen, då er det fint å gå over gangbrua og ta ein kveldstur på 2,7 km.

Blåløypa
Dersom ein vil ha ein lengre tur kan ein gå i Blåløypa som går rundt Liervatn , den er 12 km og går frå hotellet eller parkeringsplassen i Håtveitgrenda. Her er det fint å ta med niste og raste undervegs.

Raud løype
Raud løype, der ein kan gå 20 kilometer på ski i vår vesle, lokale fjellheim. Over tregrensa er det nydeleg utsikt ut mot og over Liervatn og Morgedal. Dette er ei super rundløype med same utgangspunkt som Blå løype, lett tilgjengeleg frå hotellet, toppen av Håtveitgrendi eller frå enden av Ordalsvegen.

Isfiske
På Morgedalstjønna kan ein fiske på isen, ta med pilkeutstyr, isbor kan ein låne av oss.





 

Kontakt informasjon

Morgedal Hotell
Haugivegen 4
3848 Morgedal

Telefon : 350 68 900
Telefaks : 350 68 901
E-post: post@morgedal.no

Send oss ein forespørsel

Eit hotell med hyggeleg atmosfære!
Tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke - samt at vi er tilpassa dagens krav til service og komfort. Hotellet har 70 rom med alle fasilitetar og eit gjestehus med 5 rom og 3 leilighetar. Festsal/bar med dans til orkester alle virkedagar.

> Send oss ein forespørsel ...

Veret i Morgedal

Neste 4 dager Langtidsvarsel
Sun
0
-10°
Mon
0
-5°
Tue
0
-5°
Wed
0
-6°
Varsel fra yr.no

Kvar ligg Morgedal? Klikk på kartet!

Morgedal Hotell - Kart Telemark

Logg inn