|
Morgedal Hotell i Telemark |
|
|
|

|
Morgedal - den moderne skisportens vogge - Sondre Nordheims heimbygd ligg sentralt både for austlandet, vestlandet og sørlandet. Rett ved E-134 i "hjartet av Telemark". I denne bygda blei OL ilden til vinterleikane i Oslo 1952, Squaw Valley i 1960 og Lillehammer 1994 tend. Hotellet er eit godt utgangspunkt for besøk i Telemark fylkes variera kultur- og aktivitetstilbod og eit godt tilbod for møter, kurs og andre arrangement i midtveke og helger. Hjå vår næraste nabo Norsk Skieventyr kan ein oppleve skihistorie -også utan ski på beina. I tillegg til museet er der både kafeteria og souvenirbutikk.
COOP Hotellkupp, eit heilårs fordelsprogram for den som har COOP-kort. Må bestillast på coop.no.hotellkupp eller kontakt COOP medlemsservice på tlf. 815 22 515 |
|
|
|
 |
Tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke - samt at vi er tilpassa dagens krav til service og komfort. Morgedal Hotell er eit familiehotell, tufta på gamaldags gjestevenskap. Hotellet vart opna 2. juli 1948 med røter attende til 1935. Hotellet har i dag 69 rom fordela på 57 doble og 12 enkle med alle fasilitetar. Samt eit gjestehus med 5 doble rom og 3 leilighetar. Festsal/bar med dans til orkester alle virkedagar. Nydeleg symjebasseng med solarium og badstoger.
Hotellet blir varma opp ved hjelp av bioenergi. Dette er ei miljøvenleg energikjelde for oppvarming. Råstoff frå rydding av kulturlanskap og restprodukt frå lokale sagbruk blir kutta til flis og forbrent i ein moderne bioenergikjele og det blir varma opp vatn som varmar opp rom, varmtvatn og bassengvatn.
>Send ein forespørsel ...
|
|
 |
Spisesal/restaurant med plass for inntil 200 personar. Separate selskapslokaler: Balder (100) og Kongstoga (25). Vi er kjende for vårt store aftensbord, men ynskjer ein meny istadenfor kan dette bestillast.
|
|
|
Kurs og konferanse tilbod |
|
|
|
 |
Kurskapasitet for inntil 140 personar i skuleoppsett. 3 møtesalar med alle tekniske hjelpemiddel, samt 8 grupperom. Fri bruk av trådlaust breiband.
Dag 1: 1 døgn fullpensjon i enkeltrom : kr. 995,- inkl: lunsj, aftensbuffet, overnatting, frukost, møterom m/AV utstyr, grupperom. 2 kaffepauser ; der den eine er m/frukt eller kake. Fri adgang til alle fasilitetar, levande musikk 6 dagar i veka.
> Les meir ...
|
|
|
|