Morgedal Hotell i Telemark PDF Skriv ut E-post
Morgedal Hotell i Telemark
Morgedal - den moderne skisportens vogge - Sondre Nordheims heimbygd ligg sentralt både for austlandet, vestlandet og sørlandet. Rett ved E-134 i "hjartet av Telemark". I denne bygda blei OL ilden til vinterleikane i Oslo 1952, Squaw Valley i 1960 og Lillehammer 1994 tend. Hotellet er eit godt utgangspunkt for besøk i Telemark fylkes variera kultur- og aktivitetstilbod og eit godt tilbod for møter, kurs og andre arrangement i midtveke og helger.
Hjå vår næraste nabo Norsk Skieventyr kan ein oppleve skihistorie
-også utan ski på beina. I tillegg til museet er der både kafeteria og souvenirbutikk
 
Om hotellet PDF Skriv ut E-post
Morgedal Hotell i Telemark Tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke - samt at vi er tilpassa dagens krav til service og komfort. Morgedal Hotell er eit familiehotell, tufta på gamaldags gjestevenskap. Hotellet vart opna 2. juli 1948 med røter attende til 1935. Hotellet har i dag 70 rom med alle fasilitetar og eit gjestehus med 5 rom og 3 leilighetar. Festsal/bar med dans til orkester alle virkedagar. Nydeleg symjebasseng med solarium og badstoger.

Hotellet blir varma opp ved hjelp av bioenergi. Dette er ei miljøvenleg energikjelde for oppvarming. Råstoff frå rydding av kulturlanskap og restprodukt frå lokale sagbruk blir kutta til flis og forbrent i ein moderne bioenergikjele og det blir varma opp vatn som varmar opp rom, varmtvatn og bassengvatn.


>Send ein forespørsel ...
 
Mat og drikke - Jolebord PDF Skriv ut E-post
Morgedal Hotell i Telemark Spisesal/restaurant med plass for inntil 200 personar. Separate selskapslokaler: Balder (100) og Kongstoga (25). Nydeleg symjebasseng med solarium og badstoger.  Vi er kjende for vårt store aftensbord, men ynskjer ein meny istadenfor kan dette bestillast.

JOLEBORD MED START 19.11-10
Fre - sun i halvpensjon : pr pers i dbl rom kr.2.300,-
Fre -  laur i halvpensjon : pr pers i dbl rom kr.1.090,-
Laur - sun i halvpensjon : pr pers i dbl rom kr.1.300,-
Enkeltromstillegg pr døgn kr. 190,-
KONTAKT OSS FOR GRUPPETILBOD.

Jolebord fredag utan overnatting : kr.395,-
Jolebord laurdag utan overnatting : kr.550,-

 
Kurs og konferanse tilbod PDF Skriv ut E-post
Morgedal Hotell i Telemark Kurskapasitet for inntil 140 personar i skuleoppsett. 3 møtesalar med alle tekniske hjelpemiddel, samt 8 grupperom. Fri bruk av trådlaust breiband.

Dag 1: 1 døgn fullpensjon i enkeltrom : kr.1.045,- inkl: lunsj, aftensbuffet, overnatting, frukost, møterom m/AV utstyr, grupperom. 2 kaffepauser ; der den eine er m/frukt eller kake. Fri adgang til alle fasilitetar, levande musikk 6 dagar i veka.
Dag 2: pr pers kr.340,- inkl: møtesal, grupperom, kaffepause, lunsj

> Les meir ...
 

Kontakt informasjon

Morgedal Hotell
3848 Morgedal

Telefon : 350 68 900
Telefaks : 350 68 901
E-post: post@morgedal.no

Send oss ein forespørsel

Eit hotell med hyggeleg atmosfære!
Tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke - samt at vi er tilpassa dagens krav til service og komfort. Hotellet har 70 rom med alle fasilitetar og eit gjestehus med 5 rom og 3 leilighetar. Festsal/bar med dans til orkester alle virkedagar.

> Send oss ein forespørsel ...

Veret i Morgedal

Neste 4 dager Langtidsvarsel
Lør
0
12°
Søn
0
15°
Man
0
17°
Tir
0
13°
Varsel fra yr.no

Kvar ligg Morgedal? Klikk på kartet!

Morgedal Hotell - Kart Telemark

Logg inn